Klima i Russland

Den raude plassen og Leninmausoleet på vinterstid.

Klimaet i Russland har eit rykte på seg for vere ekstremt kaldt. Likevel har store delar av landet ein gjennomsnittleg dagtemperatur over 20 °C om sommaren, og ein kan til og med få enkelte hetebølgjer. Torebyene vert sjeldan kraftige bortsett frå i fjellområda og på dei sørlege steppene. Ein kan ha periodar med lett regn eller snø over store delar av landet, og sjølv om periodane kan vare ganske lenge kjem det sjeldan store mengder. Dei einaste stadane som har ein normal årsnedbør over 1000 mm er kysten av Stillehavet og enkelte stasjonar i fjellet.

Den europeiske delen av Russland ligg langt nok vest til at maritim luft frå Atlanterhavet stundom kan påverke vêret. Aust for Uralfjella, i den asiatiske delen av landet, oppstår det ei enorm og kald luftmasse ut på hausten, som vert liggande til ut på våren. Det er dei lågareliggande områda som merkar denne kulda mest, og i åssidene kan temperaturen vere så mykje som 20 °C varmare. Likevel vil dei fleste områda av Sibir kome under -40 °C kvar vinter, og enkelte stader kan bli mykje kaldare. Den store temperaturskilnaden mellom aust og vest, gjer at moskovittar like gjerne kan dra vestover som sørover for å finne varmare forhold. Heile landet er kaldt nok til at det kan dekkast av eit 30 cm snødekke, som vert liggane heile vinteren. Russland har derimot hatt varmare vintrar dei siste tiåra, noko som vert sett på som eit teikn på global oppvarming. Særleg i den europeiske delen av landet har ein ikkje hatt kuldebølgjer like ofte som tidlegare, og dei har heller ikkje vore like intense.

Våren kjem fort på og i løpet av april og mai er det meste av snøen borte. Bortsett frå på den arktiske kysten og i dei austlege områda, kjem mesteparten av nedbøren om sommaren i form av regnbyer. Noko overraskande får Russland mesteparten av nedbøren sin i form av regn, og ikkje som snø. Sommaren varer derimot ikkje lenge, og allereie i september kan dei første snøflaka falle i Sibir når kaldlufta startar å byggje seg opp att.


© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search